Glyfosat, eit chelat
Glyfosat vart patentert i 1964 og blei teken i bruk som sprøytemiddel i 1974, Det er ein chelator, dvs det grip fat i positive metall -ion og held desse fast, dermed vert så mange som 25 enzym hemma, vekst og forsvar hos planten fell saman, og dei dør, gjerne pga jordbuande bakterier, i steril jord overlever planta. Dr.Huber seier at nedbyting av glyfosat ikkje er utgreidd, og at han heller vil bruka DDT, om ein måtte velja.
Jordliv
Det er ikkje berre mikronæringstoffa i plantene som blir bunde, også mikroorganismane i jorda, slike som rhizobium-bakteriane, blir skadde av glyfosat. Ei frisk jord kan komma i balanse att, men fleire gongers bruk av glyfosat kan fjerna ønska organismer heilt, slik at jorda må smittast på ny for å vera brukande. Dr. Huber nemner Aids som bilde på kva glyfosat gjer med jorda, gode organismer dør, og dei dårlege som fusarium, får overtaket.
Glyfosat i maten
Mest aktuelt er dette når ein bruker genmodifiserte planter + Roundup i denne grøda, heldigvis er ikkje dette vår kvardag - enno. Glyfosat vil verka negativt på tarmfloraen, og Huber mistenker at det kan akkumulerast i kroppen. - Her er intervju med Dr. Huber i to delar(og nesten 2 timar!):
1.http://articles.mercola.com/sites/articles/archive/2011/12/10/dr-don-huber-interview-part-1.aspx
2.http://articles.mercola.com/sites/articles/archive/2012/01/15/dr-don-huber-interview-part-2.aspx